Rogaland blir i ei rekke samanhengar kalla matfylket i landet. Landbruksnæringa i fylket består av om lag 5 300 gardsbruk, noko som utgjer 10 000 årsverk. På same tid hadde ikkje Øksnevad vidaregåande skule nok søkarar i 2017 til å danne ein klasse på Vg3 Landbruk, agronom.
- I dagens skulesystem går ein eit treårig løp på naturbruk for å bli agronom. Etter bestått eksamen får ein eit kompetansebevis som stadfesting på fullført utdanning. Dette kompetansebeviset får ein i andre fagutdanningar etter å ha fullført VG2 og er klar til å gå ut i lære hjå bedrifter, men her betyr det ikkje at ein er utdanna. Dette er ikkje logisk, seier Bollestad.
Pilotprosjekt i VestfoldVed nokre utvalde skular i landet, blant anna på Melsom vidaregåande skule i Vestfold, har det blitt gjennomført eit pilotprosjekt med fagbrev i