Forskerforum
05.04.2016

Akademia i Noreg er gjennomsyra av «norskheit», som gjer det vanskeleg for innvandrarar å sleppe til.
MANGFALD Det kjem fram i intervju med utanlandske vitskaplege tilsette. Dei er intervjua i samband med ein rapport om etnisk mangfald i akademia i Noreg.
- Informantane skildrar ein kultur ved institusjonane som ikkje er open og prega av medbestemming og flat struktur, men snarare av tildekte maktrelasjonar og fordommar mot praksisar i andre land, fortalde Cathrine Egeland ved Arbeidsforskingsinstituttet (Afi) då ho presenterte rapporten i midten av mars.
Forskarane har intervjua utanlandsfødde vitskaplege tilsette ved tre ulike institusjonar. Mange opplevde at det var vanskeleg å få innpass i norsk akademia. Ikkje fordi dei vart utsette for openlys diskriminering, men fordi norske forskingsmiljø helst rekrutterer folk som «passar inn». Dersom ein søkar til ei vitskapleg stilling er innvandrar, er det større risiko for at kompetansen hans eller hennar ikkje blir vurdert som relevant for stillinga, medan norske søkarar får meir sl
Gå til mediet- Informantane skildrar ein kultur ved institusjonane som ikkje er open og prega av medbestemming og flat struktur, men snarare av tildekte maktrelasjonar og fordommar mot praksisar i andre land, fortalde Cathrine Egeland ved Arbeidsforskingsinstituttet (Afi) då ho presenterte rapporten i midten av mars.