I dag har Universitetet i Oslo fire forfylgde akademikarar under vern. To av dei er forskarane Abdo Al-Bahesh frå Jemen og «Ali» frå Syria. Landa deira held på å falla saman av to borgarkrigar som aldri ser ut til å ta slutt. Dei synest begge det er viktig med eit kurs i akademisk fridom:
- Det er heilt naudsynt. Me veit godt kva det er ikkje å ha akademisk fridom, konstaterer dei.
- I landet mitt måtte ein lærar dra i eksil etter å ha skrive på Facebook at han var imot drapa som folk frå Assads regime stod bak, fortel «Ali» frå Syria.
Les meir i Uniforum: 257 åtak på utdanningsinstitusjonar i 35 land
- Kjempar for dei akademiske prinsippa
For han sjølv var det nok å gå imot tilsetjing av ein ukvalifisert, men Assad-tru person i ei vitskapleg stilling, for å mista jobben ved eit universitet i Damaskus.
- Eg kjempar for dei akademiske prinsippa, og mot alle former for korrupsjon, slår han fast. No fryktar han kva som skjer med familien hans, som bur ein annan stad i landet.
- Eg gret meg i søvn nesten kvar kveld fordi eg tenkjer på dei, seier han.
- Professorkollegar er drepne
Og situasjonen for akademikarar i Jemen er også svært vanskeleg. - Fleire av mine professorkollegaer er blitt drepne eller har måtta flykta frå landet, fortel Abdo Al-Bahesh som har vore under vern på Universitetet i Os