AddToAny

Skulebiblioteket som nøkkel til leseglede og leselyst

Skulebiblioteket som nøkkel til leseglede og leselyst
Endeleg er boka om skulebibliotek her - «Skolebibliotek: læring og leseglede i grunnskolen», som er ei handbok for skulebibliotekarar, lærarstudentar, lærarar og rektorar. Bibliotekarstudentar er ikkje eksplisitt nemnd.
Redaktør Line Hjellup har fått med seg professor Joron Pihl, førsteamanuensis Anne Håland og forfattar Arne Svingen som autoritetar lesaren kan bruke til å legitimere sin utrettelege kamp for skulebiblioteket. Gode skulebibliotek fremjar leselyst, hevdar Pihl i det første kapittelet. Der viser ho at lesing er ein viktig føresetnad for læring, utvikling av språkkompetanse og ikkje minst «demokratisk deltakelse i samfunnet» (s. 28). For å fremje elevane si leselyst og fagleg utvikling krev det gode samlingar, kompetent personale og betre og meir samarbeid mellom lærar og bibliotekar. Gjennom dette samarbeidet kan begge profesjonar realisere sitt samfunnsmandat som er å bidra til å auke elevane sine skuleprestasjonar. Pihl peiker spesielt på folkebiblioteket som ein viktig ekstern samarbeidspartnar. Her kan skulebiblioteket få tilgang til meir ressursar både i form av personale, kompetanse og litteraturtilfang.
Pihl åtvarar mot at biblioteket ender med å bli ei forlenging av klasserommet. Korleis bibliotekaren skal balansere mellom det å bidra til lystlesing samstundes som dei skal jobbe systematisk mot læreplanar, jobbe fageleg og pedagogisk, er blir ikkje diskutert. På bibliotekmøtet, i mars, sa Pihl at spesielt pedagogane treng grunngjevingar som er forankra i vitskaplege studiar. Då blir det litt uklart kvifor Pihl gjentekne gongar viser til ‘internasjonal/nasjonal forsking' utan å referere til konkret studiar. Til dømes vert det på side 33 fremja ein påstand om at internasjonal forsking viser at samarbeid mellom lærar og bibliotekar aukar læringsutbytte. Seinare vert det hevda at samarbeid med folkebiblioteket styrker leselyst og læring. Held då argumenta som bevis for pedagogar og rektorar?
Rett etter utgjevinga gjekk det ein diskusjon på Facebook-gruppa til skulebibliotekarar i ungdomsskule og vidaregåande skule om nedskjeringar. For at bibliotekaren skal kunne bruke påstandane i møte med sku
Gå til mediet

Flere saker fra Bok og bibliotek

For 16. år på rad gir Fritt ord tilskudd til litteraturformidling i bibliotek. 76 bibliotek søkte, og 40 av dem får støtte til arrangementer om norsk sakprosa.
Bok og bibliotek 21.09.2023
Norsk Bibliotekforening blir ikkje med på den internasjonale bibliotekkongressen til neste år, og oppmodar andre norske medlemer til også å droppa deltaking.
Bok og bibliotek 15.09.2023
Fra og med 2026 bevilger regjeringen i nabolandet vårt til 433 millioner SEK per år for å sikre at alle elever har tilgang til bemannede skolebibliotek.
Bok og bibliotek 15.09.2023
Første episode i sesong tre av Podkasten Bok & bibliotek er ein scenesamtale frå Kulturytring 2023 om kvardagsmakt i bibliotek, arkiv og museum.
Bok og bibliotek 15.09.2023
Kunst, herunder litteratur, skal ikke være nyttig. Kunsten skal være grenseoverskridende, rebelsk, frigjørende, oppskakende. På sitt beste tar den fra deg nattesøvnen.
Bok og bibliotek 05.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt