Universitetsavisa
06.06.2018
Sektoren sa nei, men Stortinget sa ja: I alle undervisningssituasjonar vert det no forbode med plagg som dekkar andletet. - Dette er eit lovverk me ikkje har behov for, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen til På Høyden.
Tysdag vedtok Stortinget at ansiktdekkande plagg vert forbode i alle undervisningssituasjonar, heilt frå barnehagar til universitet. Forbodet skal òg gjelda introduksjonsprogram og opplæring for innvandrarar.
Les mer- Plagg som dekkar andletet er til hinder for god kommunikasjon og samhandling, og eit forbod med plagg som dekkar andletet er avgjerande for eit godt læringsutbytte.
Det sa Åshild Bruun-Gundersen (Frp) i debatten i Stortinget. Det var Frp som føreslo endringane i Opplæringslova, og Bruun-Gundersen sa at partiet eigentleg ville gått lenger: Dei ønskjer eit totalforbod mot burka og nikab i det offentlege

































































































