Det er langt frå sikkert at dette vil skje, men det er eit veldig viktig klimaspørsmål som vi må forstå betre. Difor har Uni Research med støtte av Forskingsrådet og Polarinstituttet bygd fleire havobservatorium for å kunne gi eit tidleg varsel dramatisk endringar.
Viktige isbremmar
Isdekket i Antarktis er som ein hatt. Toppen av hatten er den 4000 meter tjukke innlandsisen som ligger på fast grunn, men delvis under havnivå. Der innlandsisen møter havet blir isen bøygd og strekt slik at det blir danna rifter både på overflata og på undersida. Dette kan fører til kalving, men isen kan også flyte utover havet som ein brem.
Isbremmane er typisk eit par hundre meter tjukk ved fronten og kan vere 1000 til 2000 meter tjukke ved grunningslinja, der den møter fast grunn. Dei er ikkje like store rundt heile Antarktis kontinentet, men delt opp i to gigantisk store og mange mindre.
Isbremmane flyter på havet og havnivået vil difor ikkje stige om dei smeltar, men på same måte som hattebremmen hindrar at hatten blir flat fungerer isbremmane som ei kraft som hindrar innlandsisen i å sige ut i havet.
Dette er Antarktis og Sørishavet. Fargeskalaen over havet viser temperaturen på havvatnet. Den mørke blå fargen langs kysten viser områder der vatnet er kaldt. I Amundsenhavet komer det varme vatnet inn til kysten og smelter isen slik at isbremmane blir tynnare. Fargeskalaen over isen viser områder der isen blir tynnare eller tjukkare. Dei grå områda er isbremmane, Filchner-Ronne


































































































