Forskerforum
05.03.2018
Altfor ofte får andre faktorar enn kvaliteten på forskingsprosjektet avgjere om prosjektsøknaden når opp i konkurransen eller ikkje, meiner Leiv K. Sydnes.
FAGFELLEVURDERING
I førre utgåva av Forskerforum skreiv Sydnes, som er professor i kjemi ved Universitetet i Bergen, eit innlegg der han kom med ei rekkje døme på dårleg evaluering av prosjektsøknader. Han kjenner til fleire tilfelle der personleg og ugrunna synsing frå fagekspertane om meir eller mindre irrelevante moment, skal ha vore utslagsgjevande.
ØNSKJER MEIR DISKUSJON
- Etter at innlegget kom på trykk, har fleire personar vendt seg til meg med liknande opplevingar som dei eg nemner der, seier Sydnes til Forskerforum.
- Evaluering av forsking er sjølvsagt ingen eksakt vitskap, men eg meiner likevel det er for enkelt, under dekke av anonymitet, å slenge ut av seg meiningar som kan vere irrelevante, men få uforholdsmessig stor innverknad på poengsummen.
Slikt er ikkje like lett å sleppe unna med når ein må diskutere saman i ei gruppe, er erfaringa hans.
-
Gå til medietI førre utgåva av Forskerforum skreiv Sydnes, som er professor i kjemi ved Universitetet i Bergen, eit innlegg der han kom med ei rekkje døme på dårleg evaluering av prosjektsøknader. Han kjenner til fleire tilfelle der personleg og ugrunna synsing frå fagekspertane om meir eller mindre irrelevante moment, skal ha vore utslagsgjevande.