Vi meiner at mindre mjølkeproduksjonsbruk, med dyra på bås, bør vurdera å samarbeide med bønder i same området, og i same situasjonen, seier styreleiar Olav Gustad i Samdriftenes Kontaktorgan (SKO).
Ei fersk spørjeundersøking om samdrift og di-striktspolitikk, som SKO har gjennomført blant sine medlemmar, signaliserer at mange bruk allereie hadde vore ute av drift om ikkje samdriftsetablering hadde vore eit alternativ.
Undersøkinga syner at 95 mjølkebruk, eller om lag 75 prosent av mjølkebruka som i dag er del i ei samdrift, ikkje hadde vore i drift utan denne mog-legheita.
Aktive samdrifterAt samdriftsetableringar kan jamførast med nedlegging og ei form for avvikling, og eigentleg er ei form for utleige, stemmer heller ikkje, i følgje undersøkinga.
126 mjølkebruk, som i dag består av 35 samdrifter, har svart, og utgjer ein svarprosent på 30. Her kjem det fram at i nærare 60 prosent av samdriftene er alle de


































































































