To utan høgare utdanning
- Lista over den einskilde statsråd sine fagfelt er enorm, så ein kan ikkje forventa at dei skal ha oversikt over alt. Fagkompetansen ligg hos embetsverket, og statsrådane må kunne kvila på denne.
Det seier Jan Erling Klausen, førsteamanuensis ved Institutt for statsvitenskap ved UiO.
- Samstundes, dersom ein har ein statsråd heilt utan kvalifikasjonar, vil denne kunne ha problem med å matcha embetsverket. Mykje politikk er i tillegg kunnskapsintensiv, seier han vidare.
Oppteljinga viser at alle Høgre sine ti statsrådar har høgare utdanning, halvparten på masternivå. Venstre har to statsrådar med avslutta lågare grad og ein med mastergrad, medan Frp har ein med mastergrad og fire med lågare grad. To av statsrådane, Jon Georg Dale og Per Sandberg, har fagbrev. Sandberg har i tillegg oppgitt å mellom anna ha fagkurs i papirproduksjon, ernæringslære og vin og brennevinslære.
Totalt har nitti prosent av statsrådane og 93 prosent av statssekretærane høgare utdanning. Halvparten av statssekretærane har utdanning på minst masternivå.
Men kva bakgrunn bør ein statsråd ha?
- Det viktigaste for ein statsråd er vel å ha solid politisk røynsle, til dømes frå Stortinget. Det er fleire døme på at statsrådar utan politisk erfaring kan få problem. Utdanningsbakgrunn kan også vera viktig, men ofte står ein overfor avveging mellom ulike omsyn, for eksempel til kjønn, geografi og alder, skriv Per Lægreid, professor ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap ved UiB, i ein epost til På Høyden.
Også Anne Lise Fimreite, professor ved Institutt for samanliknande politikk ved UiB, peikar på den politiske røynsla.
- Det er to ulike syn her, skal ein representera folket, eller skal ein vera velkvalifisert? Representasjon inntil ei viss grad, som kjønn, alder, geografi og utdanning, er viktig. Men det er ingen politiske lettvektarar som vert ministrar, seier Fimreite.
Ho legg til:
- Trygve Bratteli skal ha sagt at det var to roller han kunne ha i regjeringa: Finansminister eller vaktmeister. Kompetansen ein treng som politikar og som tilsett i embetsverket er heilt ulik.
For mange broilarar?
Ser ein på kva utdanning statsrådane og statssekretærane har, er det nokre fag som skil seg ut: Samfunnsfag, sæ

































































































