AddToAny

Fekk eit betre liv med storfe en n med sau

Fekk eit betre liv med storfe en n med sau
Per Ivar Laumann avvikla sauehaldet for ti år sidan, og erstatta 130-140 sau med 21 ammekyr - som han da hadde fjøs til. Per Ivar Laumann

Laumann held til i Tysfjord i Nordland, eit område med både jerv og gaupe. Han fortel om eit enklare liv etter han la om til kjøtfeproduksjon.

- Du veit jo aldri kva som møter deg. Kjem dyra utmagra heim etter å ha mista mor si? Eller kjem mora heim utan lam? Nokre gonger med jurbetennelse og smerter. Det var ikkje godt, seier Per Ivar Laumann.

Kjøtfeproduksjonen har gitt han betre livskvalitet, og betre tid. No driv han steinknuseverk ved sida, og har fått betre økonomi enn for ti år sidan.

Aberdeen Angus som mordyr

I 2015 investerte han i ny driftsbygning for 4,5 mill. kroner. I dag har han 46 Aberdeen Angus mordyr, og skryt uhemma av dei:

- Finst ikkje betre kulturpleiarar enn slikt storfe, hevdar han. Dei kjem seg opp og fram og ned. Og dei et nesten alt, mykje meir enn sauen. Han vil helst berre ha det fine graset, medan ammekua tar for seg av småbjørk, kratt og brennesle - alt går ned.

Laumann meiner det er meir naturleg for ein sauebonde å begynne med ammeku enn det er for ein mjølkebonde å begynne med ammeku.

- Sauebonden og ammekubonden tenker likt, seier han, om drift og fôring og prioriteringar. Mjølkekubonden vil vektleggje mordyret og størst mogleg mjølkeproduksjon. Sauebonden og ammekubonden vil begge ha blikket festa på dyra for best mogleg kjøtkvalitet.

Treng meir areal

Det er likevel ein ting til han gjerne vil poengtera, når så mykje positivt er sagt:

- Om ein vurderer omlegging frå sau til ammeku, må ein og ta omsyn til auka arealbehov. Ved endra produksjonsform, vil det bli behov for meir grovfôr og areal for å kunne dekke opp same årsverksinntekt, seier Laumann, og legg til:

- Dette er og ei oppgåve for forvaltninga å ta omsyn til dersom omlegging til ammeku skal vurderast som eit mogleg verkemiddel i r

Gå til mediet

Flere saker fra Bondebladet

Når familien utvides og man skal kombinere småbarnsliv med gårdsarbeid, er det ikke til å unngå at barna av og til må være med på jobb.
Bondebladet 13.11.2025
Nå begynner det å nærme seg Gartnerhallens årskonferanse GRØNT 2025, 3.-4. desember! Godt over 300 har allerede meldt seg på. Påmeldingsfrist: 15. november.
Bondebladet 13.11.2025
En gårdsoverdragelse i familien består ofte av tre elementer. Overdragelse av drift, bolig og eiendom. Men disse overdragelsene må ikke skje samtidig.
Bondebladet 13.11.2025
Bondebladet 13.11.2025
Statsminister Jonas Gahr Støre blir advart mot å innføre klimaavgift på gjødsel. – At vi lager den, er bokstavelig talt livsviktig, sier Svein Tore Holtsether i Yara.
Bondebladet 13.11.2025

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt