Forskerforum
30.10.2017
Presis innsikt i grunnlaget for lønnspolitikken.
Lurer du på korleis det har seg at vi i Noreg, på tvers av nesten heile det politiske spekteret, har hatt ei felles forståing av at det bør vere relativt små lønsskilnader, ei rimeleg fordeling mellom lønsvekst og vekst i eigarinntekter, og at desse fordelingsomsyna må balanserast mot konkurranseevna vår? Då er boka Modellbyggerne truleg blant dei beste introduksjonskursa du kan få. Boka gjev presis innsikt i utviklinga av dei institusjonelle ordningane som har bygd opp om og langt på veg realisert denne førestillinga, som kompromisset mellom arbeidstakar- og arbeidskjøparinteresser gjennom koordinerte lønnsoppgjer, og den berande ekspertkunnskapen: sosialøkonomane.
Boka startar pedagogisk instruktivt med utviklinga og etableringa av pris- og inntektsmodellen PRIM, eit neppe heilt utilsikta akronym for modellbyggjaren Odd Aukrust - agronomsonen frå Tynset - ein av dei viktigaste sosialøkonomane i landet
Gå til medietBoka startar pedagogisk instruktivt med utviklinga og etableringa av pris- og inntektsmodellen PRIM, eit neppe heilt utilsikta akronym for modellbyggjaren Odd Aukrust - agronomsonen frå Tynset - ein av dei viktigaste sosialøkonomane i landet


































































































