Generalsekretær i Museumsforbundet og historikar, Liv Ramskjær, meiner også at det heile framstår som eit profesjonelt tjuveri.
- Det at det gjeld så mange gjenstandar - det er ikkje noko ein berre snublar over og tar med seg, seier Ramskjær.
- Folk har svarte samlingar
Ho trur det er ei interesse for gjenstandane som er vekke frå museet.
- Tjuveri av denne skala er heldigvis sjeldan. Men det er nok ein marknad for denne type gjenstandar som er stolne. Ikkje på den opne marknaden, der kan dei ikkje omsetjast, men det finst folk som har samlingar som dei skjuler. Dei sit og hygger seg med dei for seg sjølv. Viss det forsvinn ut av landet er det ikkje lett å oppdaga det, seier Ramskjær.
Mange av dei stolne gjenstandane er små, noko som gjer det lettare å frakta dei vekk, fortel Ramskjær.
- Det me veit med kulturarvkriminalitet, er at jo mindre gjenstandane er, di lettare er det å ha dei i koffert

































































































