frilansjournalist En artikkel fra NIBIO
Klimaendringar og oljeavhengigheit har gjort at bioenergi har vorte eit satsingsområde i mange land. Også Noreg ynskjer å erstatte bruken av olje og anna fossilt brensel med auka bruk av bioenergi.
Biogass, eller metangass, er ein verdi som kan brukast til mellom anna oppvarming av vatn eller drivstoff til bussar og lastebilar. Gassen blir danna av bakteriar som finst naturleg mellom anna i myr og magen til kyr.
Biogassprosessen må skje utan tilgang til luft. Difor er det utvikla lufttette biogassreaktorar eller avfallsstasjonar som vinn ut biogass frå gjødsel, slam, matavfall og anna organisk materiale. Etter at biogassen er tatt ut frå avfallet, sit ein igjen med bioresten som kan nyttast som gjødsel.
Norske gardsbruk har potensiale til å utnytte dyregjødsel som kumøkk og grisemøkk til å produsere berekraftig biogass til vassbåra varme, næringsrikt gjødsel eller drivstoff til traktor. Dette blir i dag gjort i større skala i andre eur


































































































