Museumsnytt
02.06.2020
Musea er stengt, lenge leve musea! Det skal meir enn ein pandemi til for at dei skal slutte å formidle. Verda ligg for tjukkelabbekledde føter i sofaen, for museum kloden rundt har virtuelle omvisingar, live-strøymingar og digitaliserte samlingar. Frå Louvre til Smithsonian til Eremitasjen, med eit hjarte for museum og eit breitt nok breiband kjedar ein seg aldri.