AddToAny

Vinn eller forsvinn

Vinn eller forsvinn
Kjemisk institutt i Bergen fekk endeleg pengar til eit dyrt forskingsinstrument. Ikkje alle er like heldige.
På Marineholmen i Bergen står ein firkanta boks med eit flunkande nytt NMR-spektrometer inni. NMR, eller kjernemagnetisk resonans, kan brukast til å finne strukturen til organiske molekyl og sjå korleis dei påverkar kvarandre. Då maskina vart operativ i slutten av mai, var det eit resultat av fleire år med press og forhandlingar og flikking på søknader for å skaffe pengar til instrumentet. Alle hjarto, i alle fall dei som interesserer seg for molekylstrukturar, gledde seg. Endeleg hadde Noreg NMR-utstyr på nivå med resten av Europa.

Maskina til Kjemisk institutt, Universitetet i Bergen står fram i all si prakt på side 16-17.



Fekk nasjonalt utstyr

Maskina har eit magnetfelt som gjer at ein kan nå ein resonansfrekvens på 850 MHz for hydrogenatom, fortel førsteamanuensis Jarl Underhaug stolt - eit stort steg framover frå den gamle maskina på usle 600 MHz. Di sterkare magnetfelt, di større og meir komplekse molekyl kan ein studere.

- Før måtte ein til utlandet for å gjere slike testar. Det er alltid eit styr å reise med ei biologisk prøve som gjerne må pakkast i tørris. Så må ein bestille flybillettar og hotell og planleggje akkurat kva ein vil teste, lang tid i førevegen. Når instrumentet står her, er det mykje lettare å køyre det ei lita stund og sjå om datainnsamlinga fungerer slik du vil, eller om du må tilbake til laboratoriet og arbeide vidare med prøven din, seier Underhaug.

Det nye instrumentet i Bergen er flaggskipet i det som blir kalla den norske NMR-plattforma, og som Underhaug er manager for. Plattforma inkluderer også to 800 MHz-instrument, eitt ved Universitetet i Oslo og eitt ved NTNU. Pengane kom frå Forskingsrådets nasjonale satsing på forskingsinfrastruktur: Vel 50 millionar kroner til instrument og drift i ein prosjektperiode på åtte år.



Nei og atter nei

I midten av oktober går fristen ut for ein ny søknadsrunde i infrastruktursatsinga. Dersom eit forskingsmiljø treng dyr infrastruktur, og institusjonen ikkje kan skaffe det med eigne midlar, er det hit ein lyt vende seg. Fagmiljøa som nyttar NMR-teknikkar i forskinga, nådde opp i konkurransen og fekk pengar i førre runde. Så heldig var ikkje Per Magnus ved Folkehelseinstituttet.

- Vi har søkt to gonger og fått avslag begge gongene, seier han.

Han og samarbeidspartnarane søkte om eit prosjekt kalla «Cohorts for Research». Prosjektet er knytt til dei store befolkningsbaserte helseundersøkingane som er til dels unike for Noreg, slike som Mor og barn-undersøkinga og Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT). Det er undersøkingar som samlar data ved hjelp av spørjeskjema, innsamling av biologisk materiale, og intervju med eit utval av deltakarane. Infrastrukturpengane skulle brukast til digitale verktøy for å følgje opp deltakarane i undersøkingane, og til system som kunne gjere det lettare for forskarar å hente ut data til forskingsprosjekta sine, som i dag er tidkrevjande og vanskeleg.

- Slike helseundersøkingar krev stor innsats både i form av pengar og arbe
Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Forskerforum 30.01.2025
Forskerforbundet og Tekna har inngått en avtale med Abelia som sikrer forskningsinstitutter under Abelia mulighet til å ansette stipendiater og
Forskerforum 30.01.2025
Forskarar som var misnøgde med Twitter etter at Elon Musk kjøpte plattforma, flokkar seg no om Bluesky. Men kva kjenneteiknar det ideelle sosiale mediet?
Forskerforum 30.01.2025
Akademisk skriving har blitt et pliktløp med trange rammer. En ny generasjon vil skrive på egne premisser.
Forskerforum 30.01.2025
Forskerforum 30.01.2025

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt