forskning.no
26.03.2020
DEBATT: Villaksen er ein freda art Noreg har eit særskilt ansvar for. Overfiske er ein av trugslane mot dei små og sårbare villaksbestandane. Derfor har vi bede Miljødirektoratet å vurdere ei strammare regulering av sjølaksefisket.
Noreg har eit unikt mangfald av villaks. Om lag 450 genetisk ulike laksebestandar lever i norske fjordar og vassdrag. Dette utgjer om lag ein femtedel av all den atlantiske laksen, noko som gjer Noreg til ein av verdas fremste villaksnasjonar. Men det store mangfaldet fører og med seg eit stort ansvar. Vi må sørge for at desse bestandane blir forvalta på ein berekraftig måte og at små og sårbare bestandar får tilstrekkeleg vern.
Les merI ein kronikk på forskersonen.no 15. mars argumenterer forskarane Stine Rybråten, Camilla Brattland og Einar Eythórsson for at viten og erfaring frå det tradisjonsrike sjølaksefikse også er verdifullt i forvaltninga. Villaksforvaltninga er komple