Me må gjera det me kan for å unngå dyretragediane, då må me starta i god tid med å hjelpa bonden. Eg saknar eit profesjonelt hjelpeapparat med låg terskel som kan kontaktast. Ei 50 prosent sjukmelding i to veker til ein nedkøyrd bonde, gitt av ein fastlege som ikkje har peiling på landbruk, hjelper dessverre ingen ting, seier bonde Gunnar Bjørndal frå Hornnes i Aust-Agder.
Bjørndal har, gjennom mange aktive år, etablert eit stort nettverk med andre bønder. Den tidlegare leiaren i Evje Hornnes Bondelag er i dag leiar i Sørlandets kjøttfeavlslag og engasjert årsmøteutsending for Tyr og Nortura.
I tillegg er han nestleiar i Nortura si resursgruppe storfe i region Agder og Rogaland. Gjennom dei siste åra har han bygd opp ei ammekubesetning der han i år kan sjå fram til å ta i mot 50 kalvar. Vi