Bondebladet
07.04.2016
Fleire golvkollapsar har ført til at mange sauebønder kvir seg for å gå inn på spaltegolvet i sauehuset. No oppmodar Arbeidstilsynet og Mattilsynet bønder med golv tilsvarande dei som har svikta, å ta kontakt med leverandøren for å kartleggje behovet for eventuelle sikringstiltak.
Mattilsynet og Arbeidstilsynet klandrar ikkje bonden i Sandnes som rett før påske opplevde at golvet i sauehuset svikta. Tre sauer dauda medan kring 70 dyr etter iherdig innsats vart berga opp frå gjødselkjellaren.
Kort tid før uhellet var Mattilsynet og Arbeidstilsynet på eit ordinært tilsyn der det vart konkludert med at alt var i orden i det tre år gamle sauehuset.
Tilsynelatande i orden- Eit optimalt, fleksibelt sauehus med bra miljø for dyra, som oppfyller krava til praktisk drift og god dyrevelferd, erfarte dei som var på tilsyn.
Noko har likevel vore gale, berekonstruksjonen under spaltegolvet tolte ikkje at om lag 90 dyr vart samla i eine enden av sauehuset i samband med vaksineringsarbeid.
- B