Bondebladet
25.02.2021
Inger Marie Lien, kommunikasjonsrådgjevar Sparebanken Sogn og Fjordane
Skal ein klare å oppfylle vedtaket om landbruk over heile landet og lausdrift på all mjølkeproduksjon innan 2034, krevst det også meir midlar i potten for landbruksutvikling på Vestlandet.
Les merBøndene har lagt bak seg eit særs godt produksjonsår i 2020. Mjølkeproduksjon er berebjelken i landbruksnæringa i Vestland. For eitt år sidan var mjølkeprodusentane forberedt og klar for å redusere produksjonen sin. Vi drakk mindre mjølk og åt mindre ost. I tillegg åt vi også mindre kjøt, lagera på slakteria var overfylte av kjøt, og prisane på norsk kjøt hadde gått nedover. Diskusjonane var store på temaet «kjøtskam». Korleis ville denne utviklinga påverke bøndene?
Korona endra forbruksmønsteret vårt over natta. Vi åt meir heime og forbruket av tradisjonelle matvarer som mjølk, ost og kjøt auka vesentleg. Bøndene vart bedne om å produsere