Bondebladet
08.02.2024
Er det eigentleg maten vår, eller er det andre som har teke makta over maten, spurte Anders Nordstad under konferansen i Etne.
Anders Nordstad er siviløkonom og tidlegare generalsekretær i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. No er han bloggar og meiningsytrar, med svært mange føljarar på Facebook og Instagram.
I fjor fekk han utmerkinga årets formidlar under Matprisen 2022, og 29. januar stod han på scenen i Etne.
Nordstad innleia med å seie at han er skikkeleg siviløkonom, frå Tyskland til og med. Det er sikkert like greit, i desse mastertider med Sandra Borch og Sindre Finnes i to av hovudrollene.
I innlegget var Nordstad oppteken av matpolitikk, og kvifor vi skal ha ein matpolitikk her i landet. Han har reist spørsmålet i ulike forsamlingar, blant anna i Asker og Bærum. Svara er gjerne at:
Fordi bøndene skal ha noko å gjere, eller: For at bøndene skal få meir pengar.
- Det er gjerne opplyste folk som svarer dette, slik er det altså blitt. Derfor er det så viktig å arbeide for at folk skal forstå kvifor vi treng ein matpolitikk. Det er for å ha bønder her i landet. Eg kan ikkje produsere mat, og det kan stadig færre av oss, sju av 1000 kan faget. 993 er altså like hjelpelause som meg, og færre bønder skal det bli, sa Nordstad.
Matprisar og kjøpekraft
Han meiner vidare at mange har misforstått korleis matprisane blir danna, og at det gir negative konsekvensar for heile matsystemet vårt.
- Prisen blir danna ut frå kva vi er villige til å betale for maten, altså kjøpekrafta vår. Slik er det i
Gå til medietI fjor fekk han utmerkinga årets formidlar under Matprisen 2022, og 29. januar stod han på scenen i Etne.