forskning.no
10.04.2020
Koronaviruset kan skape katastrofar i flyktningleirar. Her heime har papirlause avgrensa tilgang på helsehjelp. Noreg må ta ansvar.
I den greske flyktningleiren Moria bur det rett under 20 000 menneske. Han var meint for 3 000. I åsen like ovanfor er rundt 12 000 nye flyktningar i ferd med å etablere seg, ifølgje NRK. Det meldast om ingen elektrisitet, lite vatn, mangel på såpe og antibakterielle midlar.
Les merNoreg kan ikkje ta imot alle flyktningar frå Hellas. Men vi kan hjelpe til slik at dei blir fordelte mellom land på ein rettferdig måte. For skal vi berre gløyme dei og la dei døy? Eller skal vi gruppere dei og sende dei til land som kan ta imot? Noreg har plass. Framfor alt i utsette tider må vi ikkje gløyme dei svake.
Håp og kjærleik heng saman
I boka «Reasons to Hope» har eg skrive om korleis håpet kan binde men


































































































