Du treng god tid med måltidet, for å unngå at maten set seg fast i halsen. Maten må ikkje vere for tynn eller for tjuktflytande, for tørr eller gi tyggemotstand. Maten finn du i porsjonsbeger i kjøleskapet, eller det kan vere satt fram brødmat eller graut.
Du et aleine ved kjøkkenbordet. Du har ikkje mykje lyst på mat, og kjenner heller ikkje at du er svolten. Maten smakar deg lite, og innimellom finn heimetenesta mat og drikke urørt. Du meiner du har ete nok. Du kjenner heller ikkje tørste, sjølv om munnen er tørr.
Du er ute av form, og søv i stolen når heimetenesta kjem innom for å sjå til deg. Dei skal hjelpe deg med tablettane.
Og slik går dagane.
Slik risikerer du at du vert underernært, om ikkje nokon av dei rundt deg tar ansvar og forstår at noko må gjerast. TV2 fortalde i ein reportasje i fjor vår om ein eldre enkemann som vart vurdert til å v

































































































