AddToAny

- Vi la Gartnerhallen i potten

Gartnerhallen gjennomgjekk ei historisk omvelting for 26 år sidan. Kva var det som skjedde, og kva for råd har Knut Djønne, som var styreleiar då, til dei andre landbrukssamvirka?
Fruktbonden Knut Djønne frå Voss herad kom inn i styret i Gartnerhallen i 1992, og vart styreformann i 1995. Då han gjekk av i 2002, såg organisasjonen heilt annleis ut.
Gartnerhallen hadde inngått eit samarbeid med Norgesgruppen og Bama. Gartnerhallen var no kun ein leverandør med hovudansvar for produksjon, produktutvikling og forsyning, mens det var Bama som hadde ansvar for distribusjon, sal og marknadsføring til daglegvare- og storkjøkkenmarknaden. Dei to produsentorganisasjonane var slått saman til éin.
Dette kompaniskapet mellom landbruk og handel var noko heilt nytt i norsk samanheng, og møtte sterk kritikk frå fleire partar, står det på Gartnerhallen si heimeside.
I denne serien intervjuar Bondebladet tidlegare bondetoppar om historiske hendingar for at ein forhåpentlegvis kan dra lærdom av fortida og gjere gode val i framtida. Så kvifor skjedde dette? Vi spør Djønne.

Ikkje innpass
Han peikar på danninga av butikkjedene.
Då Djønne vart styreleiar, var dei tre kjedene Coop, Rema 1000 og Hakongruppen etablert.
- Gartnerhallen kom ikkje inn som leverandør til nokon av desse kjedene. Vi hadde årlege forhandlingar, men fekk ikkje innpass. Gartnerhallen leverte til kioskar, kantiner, og ein del av butikkane som ikkje var organiserte. Men så vart Norgesgruppen etablert. Etter det var alle butikkane organisert i kjeder, forklarer han.
- Vi var klar over at viss vi ikkje på ein eller annan måte fekk levert til Norgesgruppen, kom vi ikkje til å ha leveransar til daglegvaremarknaden, seier Hardanger-bonden.
Men Norgesgruppen eigde Bama. Og det er naturleg at ein vel å handle med den ein eig, minner Djønne om.
Gartnerhallen var i ei klemme. - Gartnerhallen hadde den største produksjonen, men ikkje kundar, for å setje det på spissen, seier han.

Vondt til verre
Sjølv om Gartnerhallen ikkje var hovudleverandør til Hakongruppen, hadde dei seld ein del dit. Gartnerhallen hadde hatt ei årleg omsetning gjennom gruppa på rundt 300 millionar kroner. Men i juni 1997 inngjekk Hakongruppen ein langsiktig avtale med Norgesfrukt som forhindra andre grøntgrossistar i å levere sine produkt til gruppa. Situasjonen gjekk frå vondt til verre for Gartnerhallen.
I 1997 etablerte også Rema 1000 og Bama eit samarbeid, under namnet BaRe Frukt og grønt AS. Bama hadde tidlegare ikkje hatt be
Gå til mediet

Flere saker fra Bondebladet

Når familien utvides og man skal kombinere småbarnsliv med gårdsarbeid, er det ikke til å unngå at barna av og til må være med på jobb.
Bondebladet 13.11.2025
Nå begynner det å nærme seg Gartnerhallens årskonferanse GRØNT 2025, 3.-4. desember! Godt over 300 har allerede meldt seg på. Påmeldingsfrist: 15. november.
Bondebladet 13.11.2025
En gårdsoverdragelse i familien består ofte av tre elementer. Overdragelse av drift, bolig og eiendom. Men disse overdragelsene må ikke skje samtidig.
Bondebladet 13.11.2025
Bondebladet 13.11.2025
Statsminister Jonas Gahr Støre blir advart mot å innføre klimaavgift på gjødsel. – At vi lager den, er bokstavelig talt livsviktig, sier Svein Tore Holtsether i Yara.
Bondebladet 13.11.2025

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt