Magasinet for fagorganiserte
24.04.2021
Alle får 2,25 kroner, og lågtlønte får 1 krone ekstra. Det er ingenting å rope hurra for i lønnsoppgjeret, men hotelltilsett Lisa-Marie Reksten meiner det ikkje er så gale i korona-året.
BERGEN: På hotellet er det folketomt, bortsett frå dei tilsette i resepsjonen og reinhaldarar som går mellom rom. Grunnen er ikkje mangel på gjestar, men at dei sit inne på romma sine. Scandic Kokstad har vore karantenehotell nesten sidan starten av koronapandemien i mars i fjor. Her går det så det susar.
Likevel har resepsjonist og tillitsvald Lisa-Marie Reksten forståing for at tariffoppgjeret mellom LO og NHO ikkje gav større utteljing for den hardt korona-ramma låglønnsbransjen.
- Resultatet er ikkje så gale i år med tanke på situasjonen i bransjen. Det er ikkje no vi skal krevje pengar, seier ho.
Resultatet vart 2,25 kroner til alle og 1 krone ekstra til lågtlønte. Rekna om til skiftarbeid og 35,5 timars veke sånn dei fleste i bransjen har, blir det ein auke på 3,45 kroner i timelønna frå 1. april.
Så kjem garantiordninga i overeinskomsten, som ifølge Fellesforbundet gjer at minstelønna totalt aukar med omtrent 5,85 kroner timen frå same dato, og 6,17 for 35,5 timars veke. Dessutan aukar tillegga for kveld, natt og helg med 2,5 prosent.
STORE FORSKJELLAR
- Vi har alltid vore ein
Les opprinnelig artikkelLikevel har resepsjonist og tillitsvald Lisa-Marie Reksten forståing for at tariffoppgjeret mellom LO og NHO ikkje gav større utteljing for den hardt korona-ramma låglønnsbransjen.