Norsk Skogbruk
20.12.2017
Med klimaendringane blir naturen også meir sårbar. Dei rette skogbrukstiltaka kan førebyggje naturkatastrofar. Difor vil ein ny gruppe utvikle eit forslag til ei bevisst forvaltning av vernskog på Vestlandet.
I februar 2017 løfta Fylkesmannen i Hordaland temaet «vernskog» på dagsorden i eit møte med Landbruks- og matdepartement. Deretter vart ei arbeidsgruppe for vernskog etablert. Målsetjinga for arbeidsgruppa er: Finne modellar for drift av vernskog i område som er utsett for naturfare/ naturkatastofar. Det er eit ynskje å finne tiltak som kan vere førebyggjande mot naturkatastrofar, starte fagleg kompetanseheving og utvikle eit forslag for ei bevisst forvalting av vernskog på Vestlandet.
MINDRE SÅRBARE
Vernskog er forankra i den norske skogbrukslova sidan 20.juli 1893. Fram til arbeidsgruppa vart etablert har det vert lite fokus og få aktivitetar rundt tematikken. Skogen har ein direkte vernfunksjon for menneskjer, bygg, infrastruktur og naturen. Skogen beskyttar mot er naturfarar som snøskred, steinsprang, jordskred, overflateerosjon og flaum. Vidare er skog viktig for å reinse luft og vatn, spesielt i bynære strøk. Skogen sine funksjonar er lite forankra i forvaltinga og elles lite omtalt i samfunnet per i dag. Debatten om klimatilpassing og fleire flaumkatastrofar er grunnen til at ein nå leiter etter kostnadseffektive løysingar for å styrke tilpassingskapasitet og klimarobustheit samt å redusere sårbarheit overfor klimaendringar.
«NY» FAGKOMPETANSE
Det er eit
Gå til medietMINDRE SÅRBARE