Forskerforum
31.10.2016
Mange er spente på kvardagen når fleire små bibliotek skal bli eitt stort universitetsbibliotek.
- For dei små biblioteka som skal inn i ei større eining, blir det utfordrande. Men det vil nok også bli positivt reint fagleg, seier Lisbeth Tangen, bibliotekdirektør ved NTNU.
Etter alle fusjonane er mange bibliotekarar spente: Korleis vil det gå når høgskulebiblioteka skal inn i større universitetsbibliotek? Vil dei «forsvinne» eller bli integrerte i storbiblioteket?
Tangen fortel at organiseringa av universitetsbiblioteket ved NTNU ikkje er klar etter fusjonen med Høgskolen i Sør-Trøndelag (HiST), Høgskolen i Gjøvik og Høgskolen i Ålesund.
Men det som er klart, er at NTNU berre får eitt universitetsbibliotek og éin leiar:
- Det blir ein bibliotekdirektør, som alle må rapportere inn til. Men så spørst det korleis ein skal organisere seg når det gjeld Gjøvik og Ålesund, og korleis tidlegare HiST skal innlemmast i det nye universitetsbiblioteket.
Gå til medietEtter alle fusjonane er mange bibliotekarar spente: Korleis vil det gå når høgskulebiblioteka skal inn i større universitetsbibliotek? Vil dei «forsvinne» eller bli integrerte i storbiblioteket?