Bok og bibliotek
24.09.2025
world library and information congress 2025 i astana, kasakhstan Intervju med toppleiinga i The International Federation of Library Associations and
... Institutions (IFLA) Norge og Samoa, Nord-Korea og Russland - IFLA vil bygga ein heim for alle, fortel president dei siste to åra Vicki McDonald og sittande generalsekretær Sharon Memis. Bok & bibliotek møtte dei under WLIC25 i Astana til ein samtale om diplomati, verdiar, ytringsfridom og Ukraina sitt krav om utestenging av den russiske bibliotekforeininga. Etter fleire år med skrantande helse er IFLA på betringas veg. To år med Vicki McDonald som president og Sharon Memis som generalsekretær ser ut til å ha vore god medisin.
For småskral i skrotten har organisasjonen jammen meg vore. Først måtte generalsekretæren Gerald Leitner gå av i 2022, i unåde, men med ein solid fallskjerm. Dette var siste kapittel i ein prosess der styret brukte lang tid på å opna øyro for vitnemåla til over 20 tidlegare tilsette som varsla om Leitner sin trakasserande leiarstil. 20 tidlegare tilsette i ein organisasjon som i dag har 19 tilsette i administrasjonen der, altså.
Mykje rundt denne konflikten er framleis ikkje kjent. Biblioteksbladet har ved fleire høve freista å få Leitner i tale, men utan hell. Men før han forsvann i bibliotekhistorias mørke, fann han i 2023 tid til å skriva ein intern e-post til kollegar i IFLA om at «falske nyhende, bakvasking og hatefulle ytringar sirkulerer», og at han nektar for alle skuldingar om svindel og trakassering. Ja, og så dukka han på eit vis opp på IFLA si generalforsamling i Astana, Kasakhstan onsdag 20. august i år. I økonomigjennomgangen kom det fram at føderasjonen gjekk med 373 000 euro i underskot, eller tett på 4,4 millionar norske kroner, mellom anna grunna «costs with a former employee».
Ein annan grunn til underskotet var bruduljane rundt fjorårets verdskongress. For ikkje før var Leitner ute av døra, så bestemte styret i IFLA at WLIC 2024 skulle avhaldast i Dubai - eit land med lovar som mellom anna forbyr homofili. Det skulle gå bra, forsikra styresmaktene. Alle kunne koma og snakka om kva dei ville, sa dei - først. Men så la dei til ein klausul om at LHBTQ+- tematikk ikkje kunne nemnast i programmet. IFLA-styret godtok dette. Men etter protestar frå medlemsmassen blei Dubai-møtet til slutt avlyst. I og med at det var for kort tid til å bestemma ny plassering, blei det ikkje WLIC i fjor, og heller ingen inntekter frå konferansen.
Har kome langt i læking
Som høvesvis president og generalsekretær har Vicki McDonald og Sharon Memis dei to siste åra hatt ansvar for behandlingsregimet til organisasjonen, ikkje minst gjennom den pågåande IFLA Governance Structure Health Check - ein prosess med reorganisering og tillitsbyggande tiltak for meir oversikt og openheit. Helsesjekken skal fullførast i februar 2026. Og stemninga i Astana vitna om ein organisasjon som på kort tid er komen lang i læking. Vi brukar dette som utgangspunkt for v�
Gå til medietFor småskral i skrotten har organisasjonen jammen meg vore. Først måtte generalsekretæren Gerald Leitner gå av i 2022, i unåde, men med ein solid fallskjerm. Dette var siste kapittel i ein prosess der styret brukte lang tid på å opna øyro for vitnemåla til over 20 tidlegare tilsette som varsla om Leitner sin trakasserande leiarstil. 20 tidlegare tilsette i ein organisasjon som i dag har 19 tilsette i administrasjonen der, altså.