Då hadde fleire selskap lenge stått klare i startgropa.
- Vi hadde ein ambisiøs tidsplan. Vi ville ha ein vaksinekandidat klar til fase 1-testing 16 veker etter offentleggjeringa, seier pressesjef Bjørg Dystvold Nilsson i organisasjonen Coalition for Epidemic Preparedness Innovations (CEPI).
Etter berre 42 dagar var vaksinekandidaten klar, og i midten av mars kunne det første kliniske forsøket (fase I) i verda starte, i regi av CEPI.
Kontrollgruppa måtte vente
Ein vaksine skal gjennom fleire fasar før han er klar til bruk. Det inneber vanlegvis fleire år med testing av verknad og tryggleik, først i laboratorium, så på dyr og menneske.
Under ebola-utbrotet i Vest-Afrika i 2013-2015 gjekk det mindre enn eitt år frå ein fekk ein vaksinekandidat til effekten vart påvist i menneske.
Vaksineforskar Gunnstein Norheim var sentral i utviklinga av vaksinen, der Verdas helseorganisasjon (WHO) sette ned eit etisk råd.