AddToAny

UiA får universitetsmuseum

UiA får universitetsmuseum
Etter mange års kamp måtte kunnskapsministeren trø til for at Agder naturmuseum skulle bli del av Universitetet i Agder.
I mange år har Agder naturmuseum og botaniske hage (ANM) kjempa for å bli universitetsmuseum under Universitet i Agder (UiA). I mai blir draumen endeleg oppfylt. Vegen dit har vore lang, og Forskerforum skreiv om denne saka alt i 2011.

ANM er det einaste reine naturhistoriske museet under Kulturdepartementet. - Alle planar og retningslinjer frå Kulturdepartementet har vore tilpassakulturhistoriske museum, og ikkje naturhistoriske museum. Fagleg sett høyrer vi difor betre heime som universitetsmuseum under UiA, seier Roar Solheim, som er tillitsvald for Forskerforbundet ved ANM.

Overføring til KD

For to år sidan trudde tidlegare rektor ved UiA at universitetsmuseet var i hamn. Universitetet var einige med dei tidlegare eigarane, Kristiansand kommune og Vest-Agder fylkeskommune, om å overta museet. Men eit universitetsmuseum må liggje underKunnskapsdepartementet (KD), og ikkje Kulturdepartementet, somdette museet hadde gjort.

Søknaden om å bli overført til KD har vorte liggande i årevis. Ekspedisjonssjef Toril Johansen i KD sa til Forskerforum i november 2016 at søknaden var til vurdering, men at det først og fremst var eit prinsipielt spørsmål om KD skulle ha fleire universitetsmuseum. Roar Solheim ved ANM meinte at det må sitje nokre byråkratar i departementet som trenerer denne saka.

Ministeren skar gjennom

Ordførar Harald Furre (H) i Kristiansand kommune ser ut til å vere einig. Nyleg uttalte han til Fædrelandsvennen at det har vore betydelig motstand i embetsverket i Kunnskapsdepartementet. Han stadfestar overfor Forskerforum at ingenting skjedde før saka for nokre veker sidan vart løfta opp til høgare politisk nivå.

- Kommunen, fylkeskommunen og UiA bad om eit møte med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H), og etter møtet skar han igjennom og fekk vedteke at universitetet skulle få overta museet.

- Vart saka trenert av KD?

- Eg vil vel ikkje bruke det ordet, men vi stiller oss spørjande til kvifor embetsverket ikkje reagerte etter gjentekne brev frå UiA om denne saka.

Gler seg over avgjerda

Ordføraren seier at både Kristiansand kommune og fylkeskommunen vil betale same museumstilskottet som før, sjølv om museet blir del av UiA.

- Museet har ei svært viktig museumsfagleg rolle i byen og heile regionen, og difor har vi sagt oss villige til å fortsetje finansieringa. Eg trur UiA vil bli ein betre heim for naturvitskapen ved museet, seier han.

Museumsdirektør Toril Gjelsvik gler seg stort over avgjerda.

- Det er tydeleg at det måtte politisk press til. No er vi veldig glade for at det har blitt ein konklusjon. Og det blir spennande og nytt for oss å bli ein del av universitetet. Planen er at vi blir innlemma i UiA frå 1. mai 2017, seier Gjelsvik.

- Byråkratar trenerer museumssak

Image-text:

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vil legge frem forslag til ny finansieringsmodell for universiteter og høyskoler.

Torbjørn Røe Isaksen måtte ordne opp for at UiA skulle få universitetsmuseum. Foto: Erik Norrud

Ugleforskar Roar Solheim gler seg til meir fagleg samarbeid med forskarar på Universitetet i Agder. Foto: Privat

Extra-info:

Fakta

Universitetsmuseum i Noreg

Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo

Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo

Universitetsmuseet i Bergen

NTNU Vitenskapsmuseet

Tromsø Museum

Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger

Agder naturmuseum og botaniske hage vert universitetsmuseum under Universitetet i Agder, truleg frå 1. mai.

Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Forskerforum 30.01.2025
Forskerforbundet og Tekna har inngått en avtale med Abelia som sikrer forskningsinstitutter under Abelia mulighet til å ansette stipendiater og
Forskerforum 30.01.2025
Forskarar som var misnøgde med Twitter etter at Elon Musk kjøpte plattforma, flokkar seg no om Bluesky. Men kva kjenneteiknar det ideelle sosiale mediet?
Forskerforum 30.01.2025
Akademisk skriving har blitt et pliktløp med trange rammer. En ny generasjon vil skrive på egne premisser.
Forskerforum 30.01.2025
Forskerforum 30.01.2025

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt