Bondebladet
22.06.2016
Ny teknologi sikrar sunnare pommes frites. Akrylamidnivået i pommes frites frå Hoff er betydeleg redusert etter at nyutvikla, patentert teknologi vart teken i bruk i produksjonen på Gjøvik frå årsskiftet.
- Målet vårt er å heile tida vera best på potet, så dette er eit veldig gledeleg gjennombrot, seier marketingsjef i Hoff, Kjetil Veen, til Bondebladet.
Les merLang veg
Det handlar om naturleg sukker, sterk oppvarming og danning av akrylamid, eit stoff som kan vera kreftframkallande.
Funna av akrylamid i karbohydratrike matvarer som knekkebrød og potet vart gjort i eit laboratorium i Stockholm først på 2000-talet.
Ikkje lenge etter starta eit lite teknologiselskap med bakgrunn frå Ås-miljøet, Zeracryl, å forska på produksjonsmetodar som kunne redusera akrylamidinnhaldet i pommes frites.


































































































