BUSKAP
06.09.2024
Denne sommaren er det jubileum på Bersetno fellesstøl på Hafslo, for her har dei stabile budeier som kjem att år etter år. Denne sommaren er den 25. i rekkja at Yury Balcheuski og Elena Balchevskaia, har styrt fellesstølen med stødig hand. Kona Elena har berre vore ute ein sesong, og det var då dei fekk yngstesonen. Begge sønene, Vlad og Anton har vore med på fellesstølen mange somrar.
Fellesstølen har lange tradisjonar, og det er ikkje få liter med sommarmjølk som har vorte produsert her sidan oppstarten i 1981. Bøndene Claus Rumohr Moe, Kjetil Lomheim, Per Fridolf Hillestad og Terje Torgersen driv fellesstølen, og dei kan ikkje få fullrost budeiene sine nok for den gode innsatsen. - Viss Yury sluttar, så sluttar eg og, ler Terje spøkefullt.
Full kontroll
Yury og Elena har full kontroll med kyrne og mjølkekvaliteten når dei er på stølen. - Me har levert mjølk som svarar til elitemjølk i alle år her oppe, og det hadde ikkje gått utan flinke og interesserte budeier, seier Per Fridolf. Bøndene får heilt fri frå mjølking og fjøsstell i tre månader, og dette veit dei å setja pris på. Budeiene kan alle rutinar, slik at det er berre å levera kyrne, så tek Yury og Elena seg av alt det praktiske heile sommarsesongen.
Kjenner tilhøyrigheit
Budeiene kjem frå Belarus (Hviterussland), men ettersom åra har gått så kjenner dei seg også «heime» på fellesstølen på Hafslo. - Det har blitt ein viktig del av liva våre. Her er stilt og frede
Gå til medietFull kontroll