Bondebladet
18.07.2024
Eirin Trintrud (32) og mannen driv geitebruk i Ål. Dei har travle dagar, men Eirin blei overtalt til å bli fylkesleiar i Buskerud Bondelag likevel. Trening er viktig for den unge fjellbonden.
Den nyvalgte fylkesleiaren har mykje energi. Det kjem godt med på fjellgarden i Hallingdal, som ligg rundt 670 moh.
Mannen, Martin Skjauff (33), traff ho på Tomb vidaregåande skule i 2009. Han kjem frå korngard i Vestfold, og paret flytta til Trinterud i 2015. Dei har to gutar på fem og åtte år, Mattis og Eimund.
Paret tok over garden etter foreldra hennar i 2020. Faren starta opp med geitemjølk i 1990, og før det hadde foreldra sauer. Eirin og Martin har ein stor flokk med mjølkegeiter. Dei fôrer opp killingar til slakt og leverer all mjølka til Tine.
Paret har ein kvote på 120 tonn, og akkurat no er forholdstalet til geilemjølk på 0,95.
- Me har akkurat starta med ammekyr og har so langt ei lita besetning på seks dyr. Det kan bli fleire dyr i framtida, men det er dei 200 geitene som er hovudproduksjonen, seier Eirin.
Ho studerte husdyrfag ved NMBU på Ås etter vidaregåande skule på Tomb, og har ein mastergrad med seg i bagasjen.
Stølsdrift under Brea
Om sommaren har familien stølsdrift på Breastølen, 1100 moh.
- Me er stort sett på stølen heile sommaren. Martin er mange turar ned i bygda for å slå gras, medan eg og gutane er mest på stølen. Det er kjekt, men mykje arbeid heile tida, med mjølking morgon og kveld, seier Eirin.
Fyrsteslåtten tek dei vanlegvis rundt jonsoktider. Dei har tre slåttelinjer, med tårnsilo, rundballar og høy, men dei vil gjerne kutta ned til to.
- Me har mål om å bli om å bli plastfrie, men det er usikkert på grunn av økonomi. Martin vil gjerne at me investerer i ei betre høytørke, og det har me snakka mest om. Me har bra samarbeid med onkelen min om rundballepressinga no, seier ho.
Eirin er meir enn normalt oppteken av grovfôr.
- Å slå til rett tid, å få godt fôr med høgt næringsinnhald er viktig. Det er enormt mykje å henta her, og me har ikkje råd til å la vera. Godt grovfôr
Gå til medietMannen, Martin Skjauff (33), traff ho på Tomb vidaregåande skule i 2009. Han kjem frå korngard i Vestfold, og paret flytta til Trinterud i 2015. Dei har to gutar på fem og åtte år, Mattis og Eimund.