Bondebladet
14.06.2016
Parsellhagar er ikkje lenger knytt til urbant storbyliv. Det spirer og gror friskt frå tradisjonelle kålplanter via fargerike blomar og meir eksklusive vokstrar, som linser og mais, frå 26 av i alt 32 parsellar i Klepp.
- Parsellhagen har vore i drift eit par veker, no er det berre seks parsellar att å leiga ut, dette er i overkant av det me hadde venta, smiler ein av initiativtakarane, Olav Eggebø, frå Høgskulen Landbruk og Bygdeutvikling (HLB), som saman med Nibio Særheim og Klepp kommune står bak tiltaket.
Les merSand i Sahara
- Men å etablera parsellhagar på Jæren, er ikkje det som å selja sand i Sahara?
- Slett ikkje. Klepp er, som mange andre bygder i distriktet og landet elles, ei bygd der u


































































































