Her får du innside-kunnskap om nokre av hjorten sine mindre kjende diller, som epleslang og symjing, men òg om brøling i skogen, sexlyst og tidleg død.
Hjorten elskar søtsaker
Grønt gras og buskas er langt ifrå det einaste hjorten et. Både frukt, bær og grønsaker lever utrygt i hjorten sitt rike. Favorittane er kanskje eple, gulrot, kålrot, potet og blåbær. Hjorten sin hang til det søte kan gå hardt ut over hageplantar, velsmakande landbruksprodukt og næringsrike enger. I hjorteland kan ein kjenne att smarte bønder på dei høge gjerdene.
Hjorten er det hjortedyret (ved sidan av elg, rådyr og rein) som har den mest allsidige dietten.
Om sommaren går det mykje i gras og urter, men i vinterhalvåret sper hjorten på med busker og til og med bark, kvist og knoppar på tre. Barkgnag frå hjort (og elg) set spor så du kunne tru at eit rovdyr hadde kvesst klørne sine på dei stakkars trea.
Eit safaridyr på den norske savannen
Safari kan også vere kortreist. Hjorten er eit såkalla skoglevande hjortevilt, men i delar av året brukar dyra å beite i ope lende, der dei er lettare å få auge på. Våren er difor safaritid.
Straks det første grønskjeret piplar fram på innmarka, medan resten av naturen framleis er litt grå, kjem hjorten til syne på bøen. Er du heldig, kan du sjå flokkar på titals, ja kanskje hundretals hjort i grålysninga eller i skumringa.
Også om sommaren er hjorten å sjå i ope terreng, men då må du til fjells

































































































