Sigrun Dale
Helsesøster i Sogndal kommune
I statsbudsjettet for 2017 er det foreslått å ta 16 millionar kroner frå direkte tiltak for Psykisk helse i skulen. Dette betyr at fleire tusen skular i ulike kommunar mistar tilbodet om program og tiltak for å fremje psykisk helse, inkludering og eit godt psykososialt miljø. Dette skjer samtidig som Meld. St. 28 (2025-2016) Fag-Fordjuping-Forståing, melder at livsmestring må inn som eit nytt tverrfagleg tema i den nye læreplanen. Samtidig som kunnskapen om samanhengen mellom trivsel og læring aukar. Samtidig som program som Sykt perfekt og Jeg mot meg nettopp fortel at ungdom ønskjer kunnskap for å forstå seg sjølv og kunne ta gode val i livet. I presentasjonen av stortingsmeldinga Folkehelse og livsmestrin


































































































