Redaktør, Uniforum
Erkan Saka arbeider som førsteamanuensis ved marknadsføringsstudiet på Istanbul Bilgi University. Universitetet er privat og har 17 000 studentar og rundt 3000 tilsette. Det ligg i utkanten av storbyen Istanbul, og då Uniforum besøkjer universitetet, har mange nye studentar kome med foreldra sine for å registrera seg.
- Dette er eit liberalt universitet som behandlar dei tilsette svært godt, og ingen har truga meg med å gi meg sparken, trass i at eg har uttalt meg svært kritisk til politikken til både presidenten og regjeringa, fortel Erkan Saka. Han er utdanna sosialantropolog, og har gjort feltarbeid på den tyrkiske minoriteten på Rhodos i Hellas. Etter kvart har han begynt å forska meir på media.
- Det mislykka kuppforsøket 15. juli gjorde situasjonen endå vanskelegare for forskarar i Tyrkia. Alle fekk utreiseforbod. Heldigvis har eg følt at eg har ein trygg arbeidsplass på dette universitetet. Det einaste eg klagar over, er at arbeidspresset er for stort. Det er for mykje undervisning, rett og slett. Dessverre er det ikkje lenger me forskarar som bestemmer det, men toppleiinga, fortel Erkan Saka.
Sjølvsensur
I Tyrkia er han berømt for å


































































































