AddToAny

Student vart medlem nummer 20 000

Denne veka sette Forskerforbundet ny medlemsrekord, og medlem nummer 20 000 er student. Kjerstin Gjengedal - Nye generasjonar har kanskje andre måtar å tenkje om fagforeiningsarbeid på, seier Petter Aaslestad.
Foto: Erik Norrud Vetle Hushagen vart medlem nummer 20 000. Foto: Privat. Vetle Hushagen er bachelorstudent i psykologi ved UiT Noregs arktiske universitet. Det var ein plakat om eit kurs i å forbetre karakterane og utnytte studietida betre, som fanga merksemda hans. Så eg meldte meg inn i Forskerforbundet for å kunne delta på kurset. Eg vonar eg får lære nokre nyttige studieteknikkar der, seier han. Hushagen har også noterte seg tilbodet om medlemsforsikring, men medlemskapet er for ferskt til at han har rukke å gjere noko med det. Ekstra stas med student No ventar premien, ein el-sykkel, som Forskerforbundet lova til den som fekk medlemstalet til å passere den magiske 20 000-grensa. Forbundesleiar Petter Aaslestad gler seg til å reise til Tromsø og overrekke premien og treffe den unge medlemen. 20 000 medlemmar har vore ei målsetting for Forskerforbundet, og det er ekstra stas at det vart ein student. Vi har satsa målretta på studentrekruttering dei siste par åra, og det er viktig at studentane møter Forskerforbundet ved sine utdanningsinstitusjonar. Dei kjem seinare til å få jobbar i kunnskapsorganisasjonar av svært ulik art, som alle kan høyre heime i Forskerforbundet, seier han. Fornyar organisasjonsarbeidet Forskerforbundet har ikkje den same umiddelbart tydelege profesjonstilknytinga som ein del andre fagforeiningar, og forbundet har difor arbeidd aktivt den siste tida med arrangement og tilbod som studentane etterspør. Det er viktig å trekkje dei yngre gruppene inn i organisasjonen, meiner Aaslestad. Nye generasjonar har kanskje andre måtar å tenkje om fagforeiningsarbeid på, og kan ha mykje å tilføre fagforeiningsdiskursen, seier han. Vetle Hushagen har knapt rukke meir enn å fylle ut innmeldingsskjemaet førebels. Men han er spent på elsykkelen. Eg har hatt ein kneskade som har hindra meg i å sykle, men vonar eg får nytta han.
Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Forskerforum 10.06.2024
Nav dyttar ofte folk mot digitale kanalar, sjølv når det er openbert at dei ikkje greier å bruke dei. Det seier forskar Sara Hofmann, som heller kaldt vatn i blodet på teknologioptimistane.
Forskerforum 10.06.2024
Forskerforum 10.06.2024
Skadelig påvirkning på nett utøves av både fremmede stater og rent kommersielle aktører. Det er et kaos, sier Eskil Grendahl Sivertsen.
Forskerforum 10.06.2024
Å tenke høyt sammen med en håndverker mens hånden stryker over stålplatene på et gammelt skipsskrog, det er forskning for Håkon Sandåker.
Forskerforum 10.06.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt