frilansjournalist En artikkel fra Universitetet i Oslo
Hilde Reinertsen ved Senter for teknologi, innovasjon og kultur har studert korleis den norske evalueringa av bistand starta opp og endra seg mellom 1980 og 1992. Ho trekkjer også linjene fram til i dag.
Eit av funna hennar er at rapportar frå bistandsaktørar i felt har gått frå å vere ærlege og nesten personlege notat, til å bli standardiserte skjemautfyllingar der ein viser at prosjektet oppnår måla.
- Den nye måten å evaluere bistand på gjev på éin måte betre oversikt fordi ein lettare kan samanlikne ulike prosjekt. Det blir mogleg å snakke om dei totale resultata av norsk bistand.
- Men samtidig kan det bli langt vanskelegare å forstå kva som eigentleg føregår i dei ulike prosjekta. Kva slags informasjon ein får tilgang på avheng nemleg av evalueringsverktøya, seier Reinertsen, som har studert dokument frå arkiva til Norad og Utanriksdepartementet.
Ønska grundigare rapportering
I 1977 oppretta Norad eit eige kontor som skulle byggje opp eit system for å evaluere bistandsprosjekt. Dei tilsette var samfunnsvitarar, nokre med bakgrunn som forskarar. Dei fungerte som ei kritisk røyst i organisasjonen.
Evalueringskontoret påpeika snart at rappor