BUSKAP
08.12.2023
Samdrifta var tidleg ute med å genotype kvigene, og heile buskapen er i dag testa. Dermed er buskapen også ekstra interessant for Geno å få eksteriørvurdert kyr i. Med årlege eksteriørvurderingsrunder kjenner eg difor buskapen godt og dette vert utnytta i avlsrådgivinga.
Medlemmane i Stordal samdrift er i utgangspunktet ikkje så avlsinterreserte, og har difor valt å nytte avlsrådgjevar for å sikre god utvikling av buskapen. Med genotypinga av dyr vart me einige om å starte opp med bruksdyrkryssing og bruk av REDX, for både å redusere og betre kvigepåsettet. Dette starta forsiktig vinteren 2018-19, og har auka jamnt fram til i dag. Med betra kvalitet på REDX har tilslaget vore svært bra, og dei opplever no mindre forskjell mot ordinær sædtype. FS-talet ligg rundt 75 og kalvingsintervallet 11,5 månader siste 3 år. Dette er svært gode tal med tanke på ein god del bruk av kjønnsseparert sæd, både av NRF og kjøttfe.
Eigen behaldar, men ikkje eigeninseminering
Dersom eit dyr får sitt andre omløp, går dei over til ordinær sædtype, for betre å sikre drektigheit. Med mange forskjellige veterinærar og sædbehaldarar i området var det krevjande å få okse og sædtype som oppsett i planen. Dei har difor anskaffa seg eigen sædbehaldar for eigne dosar av REDX og Beef
Gå til medietEigen behaldar, men ikkje eigeninseminering