AddToAny

Ståle Winterkjær er Årets klubbleiar

Hedret under konferansen NJ Styrkeløft onsdag kveld. Ståle Winterkjær, leder for redaksjonsklubben i Mastiff, er i kveld kåret til Årets klubbleiar av Norsk Journalistlag (NJ).
Prisen ble delt ut under fagforeningens store konferanse for tillitsvalgte, NJ Styrkeløft, i Oslo.

Juryen skriver i sin begrunnelse:

Det å vere tillitsvald betyr å gjere mykje ein eigentleg ikkje kan. Du er ein klok samtalepartnar i tjukt og tynt - utan å vere psykolog. Du må av og til gje arbeidsrettslege råd - utan å vere advokat. Du skal støtte medlemmar som opplever sjukdom og kriser og treng hjelp til å forstå rettane sine - utan å vere sosionom.

At nokon tek på seg vervet som klubbleiar og er villig til å gjere desse oppgåvene eit godt stykkje utanfor eigen journalistiske kjernekompetanse, er utruleg viktig. Ja, av og til er ein dyktig tillitsvald heilt avgjerande for utfallet i saker som er eit vere eller ikkje vere for våre medlemmar.

Når innkalling til drøftingsmøte dukkar opp i innboksen og du veit at jobben er i spel... Når du sit der med sjefen på andre sida av bordet og får beskjed om at du ikkje er innplassert... Når du opnar postkassa og finn brevet med oppseiinga...

Det er då du kan prise deg lukkeleg over å ha ein terrier som klubbleiar. Ein som får med seg kva som blir sagt i møta når hovudet er heilt kaos, ein som stiller dei kritiske spørsmåla, ein som forsikrar at for fagforeininga treng du korkje å vere flink eller populær, det held å vere medlem for at NJ står på for deg, ja, ein klubbleiar som føl deg heilt inn i rettssalen om naudsynt. Men aller best: ein som får det til å gå over. Får deg til å tru på deg sjølv igjen, når du eigentleg har gitt opp. Ein som får deg til å stå løpet ut, når du ikkje har krefter att. Ein som er både sta og stødig, og som gjer at du står oppreist i stormen. Og i nokre tilfelle: ein som syter for at du får behalde jobben.

Årets klubbleiar har vore NJ-medlem sidan 2004 og har vore der for kollegaene sine gjennom fleire verv i klubben. Kort tid etter opprykket frå nestleiar til leiar i vår, kom den dramatiske meldinga om at «TV 2 hjelper deg» skulle bli eit reint nettkonsept. Det fekk store konsekvensar for dei 25 i redaksjonen i produksjonsselskapet som lagar programmet. Både mellombelse og fast tilsette var i faresona og både sluttpakkar og oppseiingar kom på bordet. Klubbleiaren måtte ta på seg viktige roller i spennet mellom samtaleterapeut og tøff forhandlar.

Årets klubbleiar greidde det heilt strålande. Han sytte for at medlemmar som heldt på å gi etter for arbeidsgjevaren sitt press, orka å stå i det, tok opp kampen og er i jobb i redaksjonen i dag. Og som peikar på klubbleiaren sin som heilt avgjerande for at det enda godt.

Til opplysning: Journalisten eies og utgis av Norsk Journalistlag.

Image-text:

Ståle Winterkjær på scenen, her sammen med NJs nestleder Hege Fagerheim.

Foto: Norsk Journalistlag

Les mer

Flere saker fra Journalisten

Spalten uttrykker skribentens egne synspunkter. «Gidske Olivia Anderson var ikke et ønsket barn.» Slik starter Alf Ole Ask og Elin Sørsdahls bok ...
Journalisten 28.09.2023
Amedia og Schibsted har signert en intensjonsavtale for å sikre videre distribusjon av papiraviser og pakker, seks dager i uken, i en så stor geografi ...
Journalisten 27.09.2023
Document brøt Vær varsom-plakatens punkt 4.3 om å vise respekt for menneskers egenart og etnisitet.
Journalisten 27.09.2023
Avisa Norge IDAG ble felt av Pressens Faglige Utvalg (PFU) da utvalget behandlet to klager mot samme artikkel i avisa under møtet onsdag 27. ...
Journalisten 27.09.2023
Avisa Nordland gikk fri i Pressens Faglige Utvalg (PFU) onsdag, etter å ha bli klaget inn av tre medlemmer av Rødt Bodø.
Journalisten 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt