AddToAny

Språkleg heider til Jon Hustad

Språkleg heider til Jon Hustad
TV 2-profilen, Dag og Tid-journalisten og debattanten får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for 2016. Journalisten-redaksjonen kl. 17:24 Oppdatert: 11. mai 2016 kl.
19:11 - Hustad har skarpe anlyser, ein skarp penn - og ei skarp tunge. Han kan oppfattast som ein rabulist, men han inntek ofte rolla som folkedjupet sin velutdanna talsmann, skriv juryen. Jon Hustad er glad og forundra over å få prisen. I ei pressemelding om prisvinnaren seier juryen at Hustad er ein uredd journalist som baserer seg på fakta og grundige undersøkingar når han vågar å utfordre det politiske korrekte og stille spørsmål ved etablerte sanningar. Hustad har markert seg som ei kritisk og viktig røyst i den norske samfunnsdebatten, både i avis, på tv og i sosiale medier. Interessert i medienyheter? Lik Journalisten.no på Facebook og få nyhetene i strømmen din: Hustad sjølv hadde ikkje rekna med å få ein målpris: - Eg er veldig glad, men også veldig forundra. Eg har alltid oppfatta nynorskrørsla å vere langt til venstre i det politiske landskapet. Der er ikkje eg. Difor hadde eg ikkje rekna med å få ein slik pris. Men eg takkar ja med begge hender, seier Hustad. Juryen omtalar i grunngjevinga si Hustad som ein kunnskapsbasert kranglefant som brukar eit godt og levande nynorsk for å fremje sakene og meiningane sine. Han er stødig i framføringa både i skrift og tale, og brukar nynorsk på ein måte som syner at målforma ikkje berre eignar seg til nasjonalromantikk og lyrikk, men også til meiningsbryting og tung tids tale, som det heiter i grunngjevinga. Hustad har skarpe analyser, ein skarp penn - og ei skarp tunge. Han kan oppfattast som ein rabulist, men han inntek ofte rolla som folkedjupet sin velutdanna talsmann, skriv juryen. Hustad svarar slik på omtalen: - Å vere reaksjonær no for tida er så slitsomt at til og med eg framstår som moderat. Kulturdepartementet si Nynorskpris for journalistar blir delt ut på Dei nynorske festspela i Ørsta 24. juni. Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk. I juryen er kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp, Håkon Haugsbø, leiar. Han har med seg redaktør Svend Arne Vee i Firdaposten og forfattar/journalist Agnes Ravatn. Ho var ikkje med på den avgjerande runda om Hustad skulle få prisen, då ho er kollega med han i Dag og Tid.

En overraska prisvinnar, Jon Hustad. Foto: Birgit Dannenberg

Les mer

Flere saker fra Journalisten

Spalten uttrykker skribentens egne synspunkter. «Gidske Olivia Anderson var ikke et ønsket barn.» Slik starter Alf Ole Ask og Elin Sørsdahls bok ...
Journalisten 28.09.2023
Amedia og Schibsted har signert en intensjonsavtale for å sikre videre distribusjon av papiraviser og pakker, seks dager i uken, i en så stor geografi ...
Journalisten 27.09.2023
Document brøt Vær varsom-plakatens punkt 4.3 om å vise respekt for menneskers egenart og etnisitet.
Journalisten 27.09.2023
Avisa Norge IDAG ble felt av Pressens Faglige Utvalg (PFU) da utvalget behandlet to klager mot samme artikkel i avisa under møtet onsdag 27. ...
Journalisten 27.09.2023
Avisa Nordland gikk fri i Pressens Faglige Utvalg (PFU) onsdag, etter å ha bli klaget inn av tre medlemmer av Rødt Bodø.
Journalisten 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt