AddToAny

#Sosiale museum

#Sosiale museum
Kan morosame memes og vitsar vere ein del av musea si samfunnsoppgåve? På sosiale medium kan kven som helst poste den posten som går viralt og endar som nyheitsoppslag. For eksempel ein veldig stor vær frå eit museum om engelsk landsbruksliv.
På eit britisk museum der hestevogner og plogar er hovudattraksjonane, har dei blitt verdskjendisar på Twitter. Det heile starta med ein sau.
The Museum of English Rural Life (MERL) blei ein twittersensasjon i 2018 etter å ha lagt ut eit svart-kvitt-bilete frå samlinga av ein enorm sau med teksten «look at this absolute unit». Sidan har det lille landbruksmuseet i Reading fått verdas største museum til å konkurrere i kven som har det beste biletet av ei and og J.K, Rowling til å love ny bok om ein kylling i bukser. Dei har også vore i twitterkrig med Tesla-gründer Elon Musk.

- TREFF MED REINT INNHALD
MERL har nesten dobla besøkstalet sitt, og 140 000 menneske har klikka «follow» på Twitter-kontoen deira. Og suksessformelen? Snill humor, eksperimentering og eskapisme, ifølge dei sjølve.
- Godt innhald må vere hovudfokuset. Me treff med reint innhald, me er ikkje frekke. Folk vil ha det som er moro, rart og som fungerer som litt verkelegheitsflukt. Akkurat som å gå på museum, seier kommunikasjonssjef Alison Hilton.
På det fysiske museet ved University of Reading består utstillingane av gardsutstyr og hushaldningsgjenstandar frå den engelske landsbygda. Og ein vegg av bilete av flotte kyr, i same tradisjon som den berømte sauen.
Med sauetweeten dobla talet på the MERLs følgjarar seg på ein dag. Men det låg allereie ein strategi bak korleis museet jobba på sosiale medium.
- Eg har vore opptatt av sosiale medium lenge, og har jobba for at me skal vere aktive der. Men det tok tid å få med resten av organisasjonen på det, seier Hilton.
VIKTIG Å VERE MENNESKELEG
Etter eit digitaliseringsprosjekt begynte ho og Adam Koszary, ein av formidlarane på museet å drive twitterkontoen, og saman fann dei ein tone som fungerte veldig godt. Det aller viktigaste er å vere menneskeleg, meiner ho og noverande digitale redaktør, Joe Vaughan.
- Ein prøver å vere museet i menneskeleg format. Dei andre som er på dei sosiale media er tross alt menneske, det må kjennast at det er folk og ikkje ein institusjon bak våre kontoar og, seier Vaughan.
Men menneskeleg treng ikkje alltid bety éin person. Den klare stilen til MERL vart skapt av Koszary, men det siste halvåret er det Vaughan som har sitte ved tastaturet.
Faktisk blei kontoen raskt så stor i den digitale verda at Koszary fekk freistande jobbtilbod, og ikkje lenger jobbar på MERL. Etter ein aldri så liten Twitter-krig med Elon Musk, som mellom anna inne-bar el-sauer og saueromskip, fekk Koszary
Les opprinnelig artikkel

Flere saker fra Museumsnytt

Les også artikkelen om 170 permitterte på Stiftelsen Norsk Folkemuseum
Museumsnytt 27.03.2020
Stiftelsen Norsk Folkemuseum består av totalt seks museer. Foruten Folkemuseet på Bygdøy, er Norsk Maritimt Museum, Bogstad Gård, Bygdø Kongsgård, Ibsenmuseet og Eidsvoll 1814, del av stiftelsen.
Museumsnytt 26.03.2020
Vest-Agder-museet vil fungere som Lead Partner for det internasjonale samarbeidsprosjektet.
Museumsnytt 24.03.2020
BOK: Nina Granlund Sæther Norske strikketradisjoner Gyldendal Norsk Forlag Oslo, 2019 Det viser seg å ha blitt en mangfoldig historie, full av vakre illustrasjoner og fortellinger om det meste du kan lure på når det gjelder dette temaet.
Museumsnytt 18.03.2020
Det første som treffer øynene mine er de blågrønne bølgene som glitrer mot det rødmalte treverket. Lyden av vann i bevegelse skyller inn over ørene mine og det lukter sjø når jeg trekker pusten. Jeg er ute på havet og det er magisk.
Museumsnytt 16.03.2020

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batliv bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten golferenno gravplassen gullur handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalen journalisten juristkontakt kampanje khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt musikkultur natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse psykologiskno religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sno-ski sykepleien synkron tannhelsesekreteren teknisk-ukeblad Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt