Bondebladet
15.01.2018
I løpet av januar 2018 får Sogn og Fjordane sin mjølkerobot nummer 100. I Oppstryn byggjer Alva samdrift nytt stort mjølkefjøs med plass til full framfôring av alle ungdyra.
Fjøssystemer har levert bygg og all innandørs mekanisering i fjøset, inkludert Lely mjølkerobot og fullfôrmiksar med bandfordelar for utmating.
Les merNår fjøset kjem i drift, er dette mjølkerobot nummer 100 i fylket.
- Vi flyttar inn alle dyra om ca 14 dagar. Det blir rundt 170 dyr med smått og stort, fortel Aamund Berge, ein av dei tre mjølkebøndene i samdrifta.
Dei to andre er Johan Berge og Per Ivar Skåre.
- Vi har kvote på ca 600 000 liter til saman, og legg opp til maksimal utnytting av mjølkeroboten i det nye fjøset, fortel Aamund Berge.
- Veldig spennande


































































































