Norsk Skogbruk
02.05.2022
Våren 1950: Han morbror spurde om eg ville vera med på tiurleik. Sjølv hadde han 20-30 års erfaring i dette faget. Truleg såg han i ungguten ei gryande interesse for natur. Det var enkelt å seia ja til den invitasjonen.
Den natta sette varige spor. Etter godpraten i soveposen på ei barseng i Rundehaugen var ordren frå han morbror klar og tydeleg: «Lydane frå no og til spelet er slutt i morgon tidleg er det ikkje me som skal laga, god natt.» Eg fekk med meg ein veldig viktig lærdom den natta. Eg lærde å lytta, uten sjølv å delta. «Natta har sitt eige språk, dei nattaktive kommuniserar no. Det er berre på ei læge under open himmel du får dette heilt inn på livet. Denne leiken må du ta vare på», sa han morbror.
Bortsett frå det eine året i militæret har eg årleg overnatta på leiken. I eit travelt ungdoms- og yrkesliv vart det gjerne berre ein gong årleg. I seinare tid 7-9 årlege overnattingar.
Mitt store dilemma har berre auka på med åra. Utfordringa er at eg er levande interesert i både tiur og skog. Det vil alltid vera konflikt mellom natur og næring. Meldingane frå verneint
Gå til medietBortsett frå det eine året i militæret har eg årleg overnatta på leiken. I eit travelt ungdoms- og yrkesliv vart det gjerne berre ein gong årleg. I seinare tid 7-9 årlege overnattingar.
Mitt store dilemma har berre auka på med åra. Utfordringa er at eg er levande interesert i både tiur og skog. Det vil alltid vera konflikt mellom natur og næring. Meldingane frå verneint


































































































