frilansjournalist En artikkel fra Politihøgskolen
- Barn er svært viktige vitne i overgrepssaker. Dei har ein like god observasjonsevne som vaksne og er flinke til å korrigere seg sjølve. Spørsmålet er korleis ein får barna til å opne seg og fortelje, seier Trond Myklebust, politiinspektør ved forskingsavdelinga på Politihøgskolen.
Fallgruvene er mange, og både foreldre, tanter, onklar og politiinspektørar snublar rett som det er. Boka Communication in Investigative and Legal contexts samlar oppdaterte råd til politifolk, som også omsorgspersonar kan ha nytte av.
- Dei gode avhøyrarane brukar ikkje berre desse teknikkane på jobb. Dei brukar dei også privat, seier Myklebust, som er ein av forfattarane av boka.
Tusenvis av barn må i avhøyr
Dei siste åra har talet på norske barn i avhøyr eksplodert. Frå 207 barn i 1994 til 4725 i 2015. Barn blir avhøyrde i fleire typar saker enn før, og i tillegg seier nye reglar at alle søsken i ein familie skal avhøyrast ved mistanke om vald i nære relasjonar.
I dag blir norske barn avhøyrde i barnehus, der helsevesen, politi og barnevern er samla og lar barnet gje forklaring i trygge rammer. Barna må berre forklare seg éin gong, i motsetnad til dei fleste andre land der barn også må møte i retten. Ordninga er så vellykka at ekspertgrupper frå fleire land har vist interesse for å innføre