- Det nye nødsystemet skjer via ein funksjon som er ferdig installert når du kjøper telefonen. Ein funksjon som er bakt inn i operativsystemet. Den er ikkje som WhatsApp eller appar som du får varslar frå og kan slette, seier Bekkenes som er beredskapskoordinator og IT-sikkerheitskonsulent i Øygarden kommune i Vestland fylke.
Privat
Millionar ulande mobilar
Tidlegare i sommar gjekk det av sirener i fleire millionar mobiltelefonar i heile landet. Då testa myndigheitene det nye nødvarselet. Etter at uveret «Hans» hølja ned, har det ula i fleire tusen telefonar i dei flaumramma områda. Og i Oslo. Det nye varslingssystemet heiter Nødvarsel og er basert på Cell Broadcast-teknologi. Det betyr at systemet i løpet av f


































































































