Graset i enga er i ferd med å skyte. For kvar dag som går utan at graset blir hausta, vil kvaliteten forringast. Men jorda er så vassmetta at ho ikkje toler ei vekt på fleire tonn frå traktor med slåmaskin og rundballepresse. Ho må få tørke opp før slåtten kan ta til.
Problemstillinga er relevant for mange norske bønder. Sommaren 2017 regna slått og grovfôret på Vestlandet nesten vekk. Neste regnbye var sjeldan langt unna, og mange stader var det knapt råd å komme ut i enga for å hauste grovfôr. Og når det endeleg tørka nok opp til at ein kunne ta sjansen på å hauste graset, var det overmodent og hadde tapt mykje av næringsverdien sin.
STASJONÆR PAKKINGTenk kva ein kunne oppnådd om graset blei slått sjølv om jorda var metta av vatn, utan at jorda tok skade? Tenk å kunne utnytte eit vêrvindu på nokre timar med opphaldsvêr, der graset blei slått, fortørka og sanka.
På