Under eit skogmøte i Stavanger i mai refererte professor Dag Jørund Lønning filosofen Nietzsche med følgjande utsagn: Alle tror at treet er opptatt av frukten, men det treet er opptatt av er frøet.
Eller sagt med andre ord: du må så eit frø før du kan hauste eit tre.
- skriver artikkelforfatter Helge Kårstad i månedens stafettpinne
Lønning som til dagleg arbeider ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling på Jæren sa at å plante eit grantre måtte vere noko med det beste eksempelet på å skape verdiar. Og la til at det var nettopp det skapande mennesket eller eldsjelene i bygdene som ved ei ukueleg interesse hadde gått i førevegen og mellom anna skapt det samfunnet vi i dag har i landet. Å byggje gardsbruk (jord og skog) og produsere mat, varme og kle er det beste eksempelet på ei verdiska- ping som har vore og vil bli grunnlaget for ei god utvikling i samfunnet, sa Lønning. Og han la til: Vi må framelske og løfte fram kvaliteten i frøet, ikkje berre i det ferdige produk- tet. For vi er blitt all for opptekne av det ferdige produktet. Og eg med fleire vart tankefulle, - ja vi tenkte på skogplantarane og skogrei- singsleiarane.
Å BYGGJE LANDET Lønning kommenterte også opptrappinga i jord- og skogbruket etter krigen. Mange meiner at etterkrigstida er den mest pr


































































































