Gleda var stor då professor Anne Kalvig fekk tilslag i tildelinga frå Noregs Forskingsråd like før jul, og no skal ho forska saman med partnarar ved Universitetet i Oslo og Linköping Universitet i Sverige.
- Vi ønsker å kartlegga korleis og forklara korfor nåtidig interesse for berekraft, identitet og medborgarskap fører til ein auka kulturell og spirituell etterspørsel etter vikingar og norrøn fortid, og konsekvensane av at ulike kulturelle aktørar møter dette behovet, fortel Anne Kalvig.
Det er ei tverrfagleg gruppe som no tar fatt på prosjektet, med forskarar frå religionsstudiar, kulturstudiar og antropologi. Prosjektet er også forankra i forskingsprogramområdet The Greenhouse, som representerer miljøhumaniora ved UiS.
- Med Greenhouse har det blitt bygd opp eit blomstrande og tverrfagleg forskingsfelleskap kring miljøhumanistiske agendaer, der ein ser på humaniora si rolle i kampen for ei grønare framtid. Vårt spor i Back to Blood-prosjektet dreier seg om vikingar og norrøn fortid, og løfter fram spiritualitet, identitet og økologi, forklarer Kalvig.
Norrøn berekraft og identitet
Utgangspunktet for prosjektet er ei hypotese om at framstilling av kulturelle og spirituelle produkt relatert til norrøn