I skolen
06.10.2018
Gjer du feil når du skal velja utdanning i unge år, vil du oppdage at dører blir stengde, og du må sjølv betale ei ny yrkesretta utdanning.
Vel du å ta nok ein mastergrad, tek staten rekninga for deg og om du er passert 70 år.
Me veit at arbeidslivet sine behov for kunnskap vil endra og utvikla seg. Arbeidet du skal løyse, vil skje på nye måtar, og du treng anna og ny kompetanse for å utføre dei same oppgåvene du utførte i går. I dag forstår nok langt dei fleste at slik er det og blir det i åra som ligg føre oss. Kunnskapspåfyll er eit gode for alle - om du treng det eller ikkje i yrket du skal utøva.
Kvifor berre eitt fagbrev?
For mange unge er det å velja rett vidaregåande opplæring ikkje lett. Som 16-åring blir du av regjeringa oppmoda til å velja eit yrkesfag, og 2018 er definert som yrkesfaga sitt år. Eit fokus som viser resultat alt denne hausten.
Men det er eit stort paradoks her. Har du tatt eit fagbrev og oppdagar at du må eller vil byte yrke, er vaksenretten din brukt opp. Altså, det offentlege bidrar ikkje økonomisk til at du tar ei ny utdanning, slik ingeniøren vil oppleve vil han byte yrke til sjukepleiar. Eit tilsvarande paradoks blir det når ing
Les opprinnelig artikkelMe veit at arbeidslivet sine behov for kunnskap vil endra og utvikla seg. Arbeidet du skal løyse, vil skje på nye måtar, og du treng anna og ny kompetanse for å utføre dei same oppgåvene du utførte i går. I dag forstår nok langt dei fleste at slik er det og blir det i åra som ligg føre oss. Kunnskapspåfyll er eit gode for alle - om du treng det eller ikkje i yrket du skal utøva.